onsdag 2. april 2014

Her har eg fått ramma inn eit lite teppe eg laga for nokre år siden. Først laga eg det til på vanlig måte med for og bakstykke, men syns ikkje det var heilt slik eg ville ha det. Det vart liggande nokre år før eg tok av bakstykket og foret og la det vekk. Men så sa det pling og eg såg føre meg korleis eg ville ha det. Så i går tok eg kontakt med en nabo og venn som driv med innramming. Vi diskuterte diverse måter og kom fram til denne løysinga. Idag ringte han og sa at bilde var ferdig. Fantastisk service. Er veldig fornøgd med resultatet.
 

1 kommentar: