søndag 29. januar 2012

Skatter fra restekassen


Denne helga har eg vore på kurs med Nancy Eriksen og leika meg med rester fra reste kassene mine. Planen er at dette med tid og stunder skal bli et sengeteppe. Enkelt eller dobbelt ? det vil tida vise. En ting er heilt sikkert er at eg har nok rester både til dette og en god del fleire. Men foreløbig er det herre bunad nr. 2 som skal gjerast ferdig.

Men dette har vore ei trivlig helg. En del gode tips har vi fått med oss og.
Det viser seg igjen at vi kan stadig lære noko nytt samme kor mykje vi kan fra før.

tirsdag 24. januar 2012

Skopose



Har sydd en stor skopose etter AnnAKa sitt mønster
"På reisefot". Den vart veldig romantisk med engler og
blomstra stoff. Her må det bli dei finaste fin skoa som får bu.

fredag 6. januar 2012

Juleroser


Ferdig i god tid før jul (heile 11,5 mnd.) med denne løperen etter mønster av AnnAKa. Stod i Quiltemagasinet
nr. 5/2011. En del små skjønnhets feil, men kven er perfekt??

No er det klart for våren..


Her er en fin vårlig liten duk/løper laga i buggy barn.
Gikk på kurs og endte opp med denne.
Fargane kom veldig dårlig fram, men den er i fine lysr grønne farger.

lørdag 24. desember 2011

julekalender



Kalender nr. 2.

Sydd veka før advent.

Jammen klarte eg det ikkje lell.
Her er kalender nr. 1 som eg sydde før jul.

Julehelsing

Eg er visst ikkje så oppgåande som eg trudde. Har problemer med å laste opp bilder.

Ei riktig god jul til alle som er innom sida mi vil eg no sei allikevel. Og dei beste ønsker for det nye året.

lørdag 17. september 2011

Endelig oppe og går igjen.....



Her er rest lageret mitt fra den store låvemessa. Eg hadde ikkje så mykje. Skulle sjølsagt ha tatt bilde av tinga før messa, men det vart gløymt. Julesokkane går til barnebarna.







lørdag 30. juli 2011

Dongeriveske





Dongeriveske lage på ei lita kveldsstund.
Hadde lova Amalie veske med heks på så det var berre å sette igang.
La stoffbitane oppå kverandre og sydde div.
pyntesømmer. Skar og sydde, sydde g skar.
Tøft med lomme på må vite.... : )





torsdag 16. juni 2011

Pose til dil og dall



En romslig pose til å ha ting og tangi. Oppi er bursdagspresangen til prinsessa som vart 4 år på tirsdag. Den får ho på søndag.

torsdag 9. juni 2011

Litt brodering i regnveret




Måtte ha meg noko å henge fingrane i, men hadde lite lyst til å tegne motiv over til stoff. Kom så på at eg hadde liggande noko som heiter "Transfer - Eze". Der kan eg kopiere motivet og lime det på stoffet eg skal bruke. Så eg skreiv ut 4 motiv og sydde først ei prøve. Då eg var ferdig å sy la eg stoffet i kaldt vatn slik at det eg hadde limt på stoffet skulle løyse seg opp. det funka heilt fortreffelig så dette skal eg gjere oftare.

Bunadsskjorte



Då er skjorta til bunaden ferdig . Den vart overrekt på mottakeren si bursdag 3 juni. Så no er det berre jakka igjen, men det er ikkje så så mykje som gjenstår der heller..... men det skal gjerast......

mandag 16. mai 2011

Bunadsbukse



Her er grunnen til lite quilting og blogging for tida.
Det har blitt mange timer med sying av bund til en av mine
sønner. Så no er vestog bukse ferdig, og eg er godt igang med skjorte og jakke. Veldig fornøgd med meg sjøl. Har heldigvis godt med tid igjen før alt skal vere ferdig.

søndag 1. mai 2011

En liten ruskepose



Har sydd en ruskpose etter oppskrift fra Lappestua.
Har bytta broderiet med eit anna enn det som var på mønsteret.
Det har vore mykje sol i helga så bildet vart litt mørk.

tirsdag 12. april 2011

Awardfri blogg

Uten å fornærme nokon har eg bestemt meg for at dette skal vere en awardfri blogg. Dette fordi eg ikkje eg flik å følge opp det som skal gjerast etter å ha mottatt en slik.