søndag 5. januar 2014

Gammel vindusramme funnet på søppeldynga. Den vart tatt med heim og stod lenge i kjelleren mens vi hadde mange ider om ka vi skulle gjere med den. Rett før jul kom vi på ideen om å lage litt jul omkring den, for så og bytte det ut seinare. Så her var det berre å sette igang. Så motivene vart til sånn litt etter kvert. Så når speilet var komt på plass i midten og motiva rundt omkring var vi veldig fornøgde med oss sjøl. Men med så fint vegg bilde måtte det sjølsagt bli ny løper på skokomoden og, og sånn vart det. No har eg ikkje tatt bilde av løparen endå, men den kjem etterkvart.

 
All den gamle malinga vart pussa vekk. Så vart den mala svart, så kvit og så pussa fint over med stålull slikat den ser litt slitt ut. Haspene er forsatt på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar