Måtte ha meg noko å henge fingrane i, men hadde lite lyst til å tegne motiv over til stoff. Kom så på at eg hadde liggande noko som heiter "Transfer - Eze". Der kan eg kopiere motivet og lime det på stoffet eg skal bruke. Så eg skreiv ut 4 motiv og sydde først ei prøve. Då eg var ferdig å sy la eg stoffet i kaldt vatn slik at det eg hadde limt på stoffet skulle løyse seg opp. det funka heilt fortreffelig så dette skal eg gjere oftare.
1 kommentarer:
Nydelige motiv du har.
Transfer Eze har jeg også blukt. Helt genialt. Så dette skal jeg bruke mye mer av.
Ha en god helg
Astrid
Legg inn en kommentar