fredag 26. juni 2009

Kveldstur til Selje.


Onsdag var dei Quiltedamene som var med på blåtur invitert til Inger Lise på "hytta" hennar i Selje. Utfordringa vi fekk på blåturen skulle takast med. En liten sykveld. To av dei som kom var ferdig med sine roser, to hadde starta på sine. (eg syns eg kunne ikkje vere dårligare enn Elna, som var ferdig med sine,så eg var komt godt igang.) Den siste som var med hadde ikkje pakka ut sine før ho kom ut dit, men ho var stolt over at ho var ferdig med en då vi drog heim att etter ein koslig kveld med kaffi og kveldsmat. Så her kan du sjå Husflidstausa kor flink eg har vore. Takk til Inger Lise for en koslig kveld!!!

Alle desse rosene skal Husflidstausa sy saman til eit utloddingsteppe seinare.

Det vert spennande å sjå resultatet, men det vert nok ikkje i 2009 vil eg tru.

3 kommentarer:

Helen sa...

Kor skal det loddast ut? Kan eg kjøpe lodd? Dette vert eit fint teppe :o)

Merete sa...

Flotte roser dere har sydd her!

Husflidstausa sa...

Så flink du har vore, og dei andre også. Hadde veldig lyst å være med, men vart litt langt å reise etter arbeidstid. Trur teppet/teppene kjem til å bli kjempefine, men lurer litt på kva eg egentlig har gitt meg ut på.... Eg har tråkla alle mine sekskantar idag, er klar til å sy.